Sunnfjord kommune

Detaljregulering E39 Fjellvegen Hafstadvegen - varsel om vedtak av planen

Detaljregulering E39 Fjellvegen Hafstadvegen - varsel om vedtak av planen

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har vedteke detaljregulering E39 Fjellvegen Hafstadvegen den 30.04.2020. 

Planen har som hovudføremål å legge til rette for å utvikle området Sentrum sør til ein attraktiv og aktiv bydel. Planen legg opp til at Hafstadvegen vert ei gate der gåande får eigne område å vere på. Det vert torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. Hovudtraseen for sykkel i Førde går gjennom planområdet.


På E39 skal dei ulike kryssa utbetrast slik at dei vert meir trafikksikre. Begge kryssa med Hafstadvegen vert flytta litt på. Det vert ny tilkomst for bilar til Lysthaugen, litt aust for bustadane, og dagens tilkomst vert gjort om til ein gang og sykkelveg.


Planområdet går frå krysset ved Førde hotell og til rundkøyringa på Hafstad.
Planen er noko endra etter høyring og det er opplista i kommunedirektøren si saksutgreiing.

Les saka

Klage
Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre veker frå du har teke imot denne meldinga.

Eventuell klage sender du til Sunnfjord kommune, Planutvalet, Pb. 338, 6802 Førde.