Sunnfjord kommune

Detaljregulering Angedalsvegen 6, gbnr. 22/237 m.fl til offentleg ettersyn

Detaljregulering Angedalsvegen 6, gbnr. 22/237 m.fl til offentleg ettersyn

Klikk for stort biletePlanframlegget legg til rette for ei blokk på 5 etasjar. Det vert og lagt  til rette for at det på gbnr. 22/238 skal kunne byggast opp til 5 etasjar.

Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Angedalsvegen 6, gbnr. 22/237 m.fl til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.

Planframlegget legg til rette for å føre opp ei ny bustadblokk i 5 etasjar. Garasjeanlegg skal plasserast under blokka, med tilgang gjennom parkeringskjellaren til nabobygget Huustunet. Tilkomst til området vil vere frå Angedalsvegen. Det vert vist til planomtale for fleire opplysningar om planframlegget. Privat og felles opphaldsareal ute, er lagt til private balkongar, felles takterrasse og på bakken.

Reguleringsføresegner og plankart vil vere juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplan Huus, gbnr 22/238, m.fl.

Dokument i saka

Planen er tilgjengeleg i papirutgåve på Sunnfjord rådhus - Førde tenestetorg.

Frist for å sende innspel eller merknader 15. juni 2020

Slik sender du innspel
 

•             e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no

•             per post: Sunnfjord kommune, postboks 338, 6801 Førde  

Merk innspelet med sak 20/106