Sunnfjord kommune

Byggestart for veganlegg og sansehage ved Naustdal omsorgssenter

Byggestart for veganlegg og sansehage ved Naustdal omsorgssenter

Klikk for stort bileteSunnfjord kommune startar i desse dagar arbeidet med å bygge ny vegtilkomst, parkeringsplass og sansehage ved Naustdal omsorgssenter.

Tiltak i prosjektet

Prosjektet omfattar følgjande tiltak i byggetrinn 1 i situasjonsplanen:

  • Riving av eksisterande bygningar
  • Bygging av tekniske anlegg, vegar, stiar og parkeringsplassar 
  • Etableringar av sansehage:
    • nordsida med nytt takoverbygg ved inngang, danseflake, sittegruppe og planter
    • vestsida med med plantar, frukttre og bærbusker, sittebenkar mm

Sjå situasjonsplan (PDF, 1017 kB)     Sjå sansehage og veg (PDF, 693 kB)


Arbeidet vert utført av Røyset Maskin AS. Dei vil starte med riving av bygningane før dei går vidare med opparbeiding av ny tilkomst og parkering. Etter dette vil dei ta til på opparbeiding av stiar og etablering av sansehage/frukthage. 

Sprengingsarbeid i området

Det er planlagt at arbeidet vil vare i ca 1 år, og vil vere ferdig sommaren 2021. Frå og med juni 2020 og fram til ca oktober vil det vere ein del sprengingsarbeid i området. Sprenging vil bli varsla av entreprenør med lydsignal.

Redusert parkeringskapasitet

På grunn av arbeidet med veganlegg og sansehage vil området på nordsida bli gjerda inn og det vil i ein periode vere lite tilgjengelege parkeringsplassar i og ved omsorgssenteret. Entreprenøren vil prioritere arbeidet med dei nye parkeringsplassane slik at desse kan kome i bruk så snart som mogeleg. 

Vi oppmodar alle om å nytte andre tilgjenglege parkeringsplassar i området i denne perioden.  

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om arbeidet kan du ta kontakt med:

Thor Ove Farsund
Prosjektleiar, Sunnfjord kommune
e-post: thor.ove.farsund@sunnfjord.kommune.no
tlf. 99 20 26 60