Sunnfjord kommune

Klage på vedtak i areal- og byggesaker

Klage på vedtak i areal- og byggesaker

Er du misnøgd med vedtaket har du kanskje klagerett.

Kva vedtak kan du klage på?

Du kan klage på alle enkeltvedtak i areal- og byggesaker. I vedtaket frå kommunen skal det stå noko om klagerett, frist for å klage og kven klagen skal sendast til.

Når kan du klage?

Fristen for å klage er tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen må vere sendt før fristen går ut. 

  • Har du ikkje fått vedtaket, er fristen tre veker frå du blei kjent med vedtaket, eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket.
  • For vedtak som blir offentleg kunngjort, er klagefristen tre veker frå kunngjeringsdagen. 

Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan vi i nokre tilfelle etter ei konkret vurdering handsame klagen. Sjå forvaltningslova om å klage på vedtak etter fristen

Kven kan klage?

For at vi skal handsame klagen din, må du vere part i saka, eller ha rettsleg klageinteresse. 

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Du kan òg ha ei rettsleg klageinteresse om du har ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar der saka råkar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg), eller økonomisk (konkurranseforhold og verdinedgang). Vi vurderer i kvart enkelt tilfelle om du har rettsleg klageinteresse.

Slik klagar du

Klagen må vere skriftleg. Den må vere sendt i brev, e-post eller levert ved oppmøte. 

For å handsame klagen treng vi:

  • Skriv at det er ein klage.
  • Skriv kva vedtak du klagar på, til dømes saksnummer eller namnet på saka det gjeld. 
  • Skriv kva tilknyting du har til saka, til dømes at du er nabo eller næringsdrivande i området.
  • Grunngje kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønsker vedtaket endra. 
  • Om du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at det går fram.
  • Klagen må vere underskriven av deg eller din fullmektig, til dømes advokat.

Om du ber om at gjennomføring av tiltaket vert stoppa til klagen er avgjort, må du legge ved ei eigen grunngjeving for dette (utsett iverksetting av vedtak). 

Kor sender du klagen?

Du skal stile klagen til Statsforvaltaren i Vestland, men den skal bli sendt til Sunnfjord kommune. 

postmottak@sunnfjord.kommune.no eller Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde

Saksgang

  • Kommunen mottek klagen og vurderer om vi kan handsame den.
  • Dersom klaga vert tatt til følgje, vert det fatta eit nytt vedtak i saka.
  • Dersom klaga ikkje vert tatt til følgje, vert den sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal handsame klager i byggesaker innan åtte veker, og innan tolv veker for arealsaker.

Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje, vert den sendt til Statsforvaltaren for avgjerd. Statsforvaltaren skal handsame klaga som endeleg klageinstans innan tolv veker.

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00