Veranda, terrasse og platting

Bygge veranda eller terrasse. Kva er det, og må du søke?

Veranda er ein open eller overbygd opphaldsplass som tilbygg til hus eller bygning. Taket kan vere understøtta av stolpar, eller verandaen kan vere lukka med store vindauge i veggflatene (glassveranda). Frå veranda kan ein som regel ta seg inn til stue eller anna rom.

Terrasse er ein konstruksjon for uteareal på eller over bakkenivå. I forbinding med bygningar er det ein planert avsats foran fasaden. Frå terrassen er det som regel inngang til stue eller anna rom, som fører ut i hage.

Platting er ein anna form for terrasse som ligg heilt på bakkenivå.

Ikkje søknadspliktig

Hugs at for å bygge utan å søke må du:

  1. Sjekke planar og føresegner for eigedomen
  2. Passe på at du følgjer alle krav til avstandar og byggegrenser
  3. Ikkje bygger større enn det som er tillate på eigedomen
  4. Kontroller at det du vil bygge er unnateke søknadsplikt
  5. Melde frå til kommunen om kva du har bygd når det er ferdig

Veranda
Veranda er rekna som eit tilbygg til eksisterande byggverk. Tilbygg som verken har samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) over 15 m2 kan du bygge utan å søke. Tilbygg er ein konstruksjon satt opp ved sidan av eit eksisterande byggverk, og som er understøtta og har eige beresystem. Tilbygget kan ikkje overstige to etasjar eller plan på det eksisterande byggverket.

Sjå vilkåra for kva tilbygg du kan bygge utan å søke på Bygge utan å søke. Det er viktige krav til avstandar osv.

Terrasse
Terrasse inntil bygning kan du bygge dersom den har ei høgde på inntil 1 meter frå eksisterande terreng, og kan ikkje stikke lengre ut enn 4,0 meter frå ytterveggen til bygningen (fasadelivet). Terrassen kan ha eit rekkverk på inntil 1,2 meter, men kan ikkje vere overbygd. Avstanden til nabogrensa skal vere minst 1 meter, men ofte må du ha større avstand grunna byggegrenser eller andre avgrensingar.

Platting
Platting på bakken som er maks 0,5 meter over bakken kan du bygge utan å søke. Dette gjeld så lenge ikkje arealplan i kommunen har andre grenser. Du kan plassere platting heilt inntil nabogrensa. Slike plattingar blir ikkje rekna som eit areal, og inngår difor ikkje i utnyttingsgrada på eigedomen din.

Søknadspliktig

Tiltak som ikkje er i samsvar med skildringa ovanfor vil vere søknadspliktige.