Sjekk først om du må sende byggesøknad
På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:
Sjekk først om du må sende byggesøknad
Enkelt samandrag av kva søknad skal innehalde
For å handsame søknad treng vi følgjande:
For å nabovarsle kan du bruke eige skjema:
Du må søke om ferdigattest når du er ferdig å bygge:
Dersom du må søke om dispensasjon sjå Dispensasjon for korleis du skal gå fram. Du kan søke om dispensasjon samstundes som du søker om byggeløyve.
Slik søker du
1. Sjekk planar og reglar
Før du startar eit byggearbeid må du sjekke kva planar og reglar som gjeld for eigedomen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge.
Planar og reglar for din eigedom finn du via kommunekart
2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal bygge
Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedomen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit situasjonskart for å teikne inn kva du skal bygge. Sett inn avstand til eigedomsgrense og nærliggande bygg.
3. Bestill naboliste
Skal du gjere noko som krev at du søker om byggeløyve frå kommunen må du varsle naboane dine først. Bestill naboliste frå tenestetorga eller via Ambita Infoland (profesjonelle søkarar).
4. Send nabovarsel ut frå mottatt naboliste
Informasjon og skjema - nabovarsel for privatpersonar
5. Send inn søknad
Du kan sende byggesøknad via eDialog
Du kan også sende søknaden på e-post til oss men kan då maksimalt motta ei oversending på 40 MB.
Bruk digitale løysingar for å sende byggesøknad
Kva kostar det?
Prisane finn du i prislisa til Sunnfjord kommune.
Byggegebyr
Når får du svar på søknaden?
Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker. Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.
Hugs å sende ferdigattest etter at bygget er ferdig
Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest
Det er først når søknad om ferdigattest er godkjent eller mellombels bruksløyve er innvilga, at du har lov til å ta i bruk bygningen. Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon.