Hybel og leilegheit i eksisterande bygg

Lage leilegheit eller hybel i bustaden

Er det hybel eller leilegheit?

  • Leilegheit er ei sjølvstendig bueining med eigen inngang. Den har alle hovudfunksjonar, og er fysisk skilt frå andre bueiningar i same bygning.
  • Hybel er ein del av bustaden. Det er ein avgrensa del av bustaden med rom som er tiltenkt ein bestemt bruk. Hybel er ikkje definert i plan- og bygningslova.

Hybel

Dersom du ønskjer å bruke ein del av din bustad som hybel, må alle opphaldsromma i bustaden vere godkjent som rom for varig opphald. Dersom dei ikkje er godkjent, kan du søke om bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel. Romma som blir endra må oppfylle dei tekniske krava for varig opphald.

Å lage til eiga hybeldel i bustaden er krev løyve av kommunen etter kommuneplanen sin arealdel.

Sjå korleis du søker her

Leilegheit

Dersom du ønskjer å lage ei separat leilegheit, eller dele opp leilegheit, må du søke med hjelp frå fagfolk. Det må vere ansvarlege føretak som står til ansvar for prosjektering, utføring og kontroll.

Krav for ny leilegheit