Riving

Søknad om riving, kan du rive?

Riving av bygning kan vere både søknadspliktig, og unnateke søknadsplikt. Det kan vere du kan søke og rive sjølv, eller det må vere eit ansvarleg føretak som står for både søknad og utfører rivinga.

Krev ikkje søknad

Du kan rive bygning utan å søke, dersom oppføringa av tilsvarande bygningen ligg innanfor dei same vilkåra for bygging utan søknad. Eksempel på vilkåra som må vere oppfylt får å rive utan søknad:

  • Bygningen er frittliggande
  • Bygningen er plassert på bebygd eigedom (småhus)
  • Bruksareal eller bebygd areal maks 50 m2
  • Bygningen er ikkje innreia for varig opphald (ikkje vere for overnatting)
  • Mønehøgde maks 4,0 meter
  • Gesimshøgde maks 3,0 meter
  • Bygningen er oppført i ein etasje, og utan kjellar
  • Bygningen ligg lenger vekk enn 1 meter frå nabogrensa
  • Bygningen ligg lenger vekk enn 1 meter frå anna bygning
  • Bygningen er ikkje plassert over vass- og avlaupsleidning
  • Oppført etter år 1900
  • Tilbygg med samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) under 15 m2. 

Bygningar som du kan rive utan å søke må vere i samsvar med vilkåra. Dette er typisk enkle garasjar, carport, uthus, landbruksbygg og liknande. Det er ditt ansvar å forsikre om at vilkåra er oppfylt. Dersom bygningen er av eldre karakter vil det vere søknadspliktig.

Sjølv om du kan rive utan å søke, må du gje beskjed til kommunen når rivinga er ferdig.
 

Søke og rive sjølv

Hovudregelen er slik at du kan rive utan fagfolk, dersom du kunne bygd det sjølv utan fagfolk. Dette er typisk tilbygg inntil 50 m2, og enkle frittliggande bygningar inntil 70 m2.

Reglane går fram av byggesaksforskrifta § 3-1.

Sjå «Bygge sjølv utan fagfolk» for meir informasjon om kva du kan gjere sjølv utan fagfolk.
 

Søke med hjelp av fagfolk

For alle større rivetiltak må du ha eit ansvarleg føretak til å søke og utføre sjølve rivinga. Søknaden må bli utforma av eit føretak med kompetanse til å gjennomføre slik søknadsprosess (ansvarleg søkar). Det kan vere ein byggmester, entreprenør eller arkitekt.

Dette er bygningar som tilbygg over 50 m2, garasjar/uthus over 70 m2, bustadhus, kårhus, hytter, konstruksjonar og liknande.