Mur, støttemur, forstøtningsmur

Sette opp mur?

Ein forstøtningsmur (støttemur) er ein mur som held oppe lausmassar og liknande i ei skråning, eller terrasert terreng.

Oppføring, endring og fjerning av mindre forstøtningsmur kan vere unnateke søknadsplikt dersom følgjande er oppfylt: 

  • Muren har ein avstand frå nabogrense på minst 1,0 meter når muren har ei høgde på inntil 1,0 meter. 
  • Muren har ein avstand frå nabogrense på minst 4,0 meter når muren har ei høgde på inntil 1,5 meter.
  • Forstøtningsmuren må ikkje vere i strid med reguleringsplan eller anna lovverk.
  • Muren kan ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg.

Som tiltakshavar er du ansvarleg for at forstøtningsmuren er i samsvar med føresegner gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova. Den kan heller ikkje vere i strid med anna regelverk. Du bør kontrollere om det er konkrete føresegner om mur i reguleringsplan for din eigedom.

Anna regelverk kan for eksempel vere veglova. Muren kan ikkje hindre sikt mot veg, eller vere til ulempe for omgjevnaden. 

Ver merksam på at muren ikkje blir bygd i strid med byggegrense i reguleringsplan. Om det ikkje er noko byggegrense i reguleringsplan er det veglova sine avstandskrav som gjeld. 
 

Søknadspliktig støttemur 

Dersom støttemuren du skal bygge er søknadspliktig vil det vere krav om at det er fagfolk som står for søknaden, prosjektering og utføring. Det betyr at du sjølv som privatperson ikkje kan søke eller utføre arbeidet sjølv.  

For oppføring av enklare støttemur etter vårt skjønn, kan kommunen likevel godta at du sjølv står ansvarleg for oppføringa (tiltak utan ansvarsrett). Be kommunen om ei vurdering om du er i tvil.

Sikring mot fall
For høgder over 0,5 meter er det krav om sikring mot fall. Det er ditt ansvar at det blir løyst på ein forsvarleg måte. Dette gjeld sjølv om muren ikkje er søknadspliktig. Krav om sikring går fram av byggteknisk forskrift TEK17 § 8-3