Legging av kabel og graving for kabel

Kva er søknadsplikta for legging og graving for kabel?

Kablar i denne samanheng er kablar meint for elektrisitet, telesignal, TV, fiberkabel og liknande. 

Dersom du skal grave og legge kabel i mindre strekker treng du som regel ikkje søke dersom det er mindre. Om det er i utmark, sjø eller vassdrag kan det vere du må søke om løyve.

Har du spørsmål om graving og legging av kabel send gjerne ein førespurnad til byggesak@sunnfjord.kommune.no

Unntatt søknadsplikt

Graving for kablar, samt reparasjon, utskifting og kapasitetsutviding av eksisterande kablar er unntatt frå kravet om byggesaksbehandling. Tilhøyrande innretning som f.eks fordelarskap, forsterkarar o.l. er å sjå som små tiltak og er også unntatt søknadsplikta.

Føresetnad for unntaket er at tiltaket er "mindre". Det inneber at graving av lengre kabelstrekningar i utmark og høgfjellet vil vere søknadspliktig. Også kortare strekningar i sårbare område kan og bli omfatta av søknadsplikta.

Hugs at du må ha graveløyve for å grave i eller langs offentleg veg.

Søknadspliktig tiltak

Graving for lengre kabelstrekningar i utmark og høgfjellet er søknadspliktig. Legging av kabel i sjø og vassdrag er og eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. Dersom tiltaket råkar viktige naturtypar, andre interesser, eller er i strid med arealplan kan det og kreve dispensasjon.

Krav til legging av søknadspliktig kabel

Legging av kabel må bli utført på ein slik måte at det ikkje er til hindring for ålmenta, friluftsliv, fiske og landbruk. Det må bli tatt omsyn til eventuelle naturverdiar og kulturminne. Kabel må leggast på ein slik måte at det ikkje er skjemmande for omgjevnaden, og kablar som blir lagt i sjø og vatn må vere forankra slik at det ikkje er til hindring.

Handsaming av kabel i sjø

Kablar og andre innretningar i sjø krev og løyve etter hamne- og farvasslova. Eit slikt løyve må ligge føre før kommunen kan handsame søknaden etter plan- og bygningslova. I dei fleste tilfelle er det Kystverket som handsamar tiltak etter hamne- og farvasslova. Enkelte mindre tiltak kan bli handsama av kommunen. 

For meir informasjon om søknad etter hamne- og farvasslova sjå her.

Korleis sende søknad etter plan- og bygningslova

Send søknad om graveløyve