Krav til byggeteikningar og situasjonsplan

Krav til teikningar og situasjonsplan ved byggesøknad

Generelt

Det er viktig at kommunen får teikning av alle dei planlagde endringane/nybygg utforma slik det er enkelt å sjå kva du søker om. Du må sende inn plan-, snitt og fasadeteikningar ved byggesøknaden.

Kva du må ha med på teikningane vil variere noko etter kva type tiltak du skal bygge. Nokre gonger kan det vere naudsynt å sende fleire teikningar som til dømes terrengprofil, perspektivteikning og liknande.

Teikning som vedlegg til søknad om tiltak bør vere utarbeidd i målestokk 1:100 eller 1:200. Målestokken må bli vurdert ut frå det som er mest teneleg i forhold til storleiken på tiltaket.

Teikningar skal vere fagmessig utført, og gje eit korrekt bilete av bygningen/konstruksjonen. Det vil seie at alle strekar skal vere rette, og relevante mål skal vere påført.

Når tiltaket gjeld fasadeendring, tilbygg, påbygg og andre endringar til eit opphaveleg bygg, må teikningane tydeleg vise kva som er eksisterande og kva som er nytt. Marker område med farge eller markerte strekar.

Følgjande opplysningar skal vere oppgitt i tittelfelt:

  • gnr. og bnr
  • adresse, postnummer, poststad
  • tiltakets art (påbygg, tilbygg, nybygg)
  • teikningsnummer, og revisjonsnummer
  • målestokk, dato og eventuell revisjonsdato
  • signatur