Krav til byggegrunn, skredfare, naturfare i byggesak

Er det naturfare der du skal bygge eller gjere noko?

Det er krav om at byggegrunnen du skal gjere eit tiltak på, skal vere tilstrekkeleg sikker mot naturpåkjenningar. Det betyr at dersom du til dømes skal bygge ein garasje, bustad, tilbygg eller deling av eigedom, må det vere dokumentert tryggleik. 

Mest vanleg naturfare i byggesaker er skred og flaum. Kva kravet mot tryggleik er går fram av byggteknisk forskrift TEK17 kapittel 7

Krav til tryggleik mot fare, eller vesentleg ulempe som følgje av natur- og miljøforhold, gjeld for alle tiltak som er omfatta av plan- og bygningslova. Krava til tryggleik ved utviding og endring av eksisterande bygningar er dei same som for nybygg. 

Grunn kan berre byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot naturfare. Kommunen pliktar å gje avslag på byggesøknad der det ikkje er dokumentert.

Sjå om din eigedom er kartlagd, og kva sannsynet er for naturfare på NVE Atlas

Dersom eigedomen din ligg i ei aktsemdssone for naturfare, må du sjølv dokumentere kva sannsynet er. Det betyr at det kan vere naturfare på eigedomen din, men den er ikkje kartlagt med noko sannsyn. For at kommunen skal kunne handsame byggesøknaden mot krava i forskrifta, må sannsynet mot naturfaren vere dokumentert.

Om eigedomen din ligg i ei faresone med eit kartlagt sannsyn, treng du ikkje slik dokumentasjon då vi veit sannsynet frå før. Sannsynet må vere lågare enn kravet mot tryggleik i forskrifta for at du skal få byggeløyve.

Du som tiltakshavar/utbyggar er sjølv ansvarleg for å hente inn dokumentasjon på tryggleiken mot naturfare. Dokumentasjonen må vere utført av fagpersonar.  

Er du i tvil om din eigedom har kartlagt faresone, eller ligg i eit område der det kan vere naturfare, ta kontakt med oss. byggesak@sunnfjord.kommune.no