Gjere heilårsbustad om til fritidsbustad, eller omvendt?

Kan du gjere bustaden din om til hytte, eller omvendt?

Dersom du vil gjere din heilårsbustad om til fritidsbustad, eller omvendt, må du søke om bruksendring. Når heile eller delar av ein bygning blir tatt i bruk til, eller tilpassa for noko anna enn det opphaveleg er bygd og godkjent for, må du søke om bruksendring.

Slik bruksendring er eit søknadspliktig tiltak med krav om ansvarsrett. Det må då vere fagfolk som står for søknad, prosjektering og utføring. Det kan vere at du må gjere byggearbeider for å tilpasse bygningen til dagens krav.

Bruksendringa blir vurdert opp mot gjeldande krav i plan- og bygningslova. Bygningen må i utgangspunktet oppfylle alle krav som er gjeldande for den nye bruken. Det finst vilkår for å gjere unntak frå teknisk forskrift for eksisterande byggverk.

Bruken må vere i samsvar med gjeldande arealplan. Er den nye bruken i strid med føremålet i planen må du søke om dispensasjon. For eksempel om du har ei hytte i regulert hyttefelt, og ynskjer å bruke denne som heilårsbustad. Eller ein heilårsbustad i LNF-område som du vil gjere om til hytte.

Sjå direktoratet sin rettleiar for bruksendring her

For meir informasjon om bruksendring sjå Bruksendring