Gjerde og levegg

Sette opp eit gjerde eller levegg?

Når du skal føre opp eit gjerde (innhegning) eller levegg er det tre kategoriar som er aktuelle. Om du må søke eller ikkje kan vere avhengig av storleiken, plassering, utforming, høgde og avstanden til eigedomsgrensa.

Definisjonar
Gjerde: Innhegning med enkle, lette konstruksjonar som skal hindre ferdsel. For eksempel flettverksgjerde eller andre gjerde som ikkje er tette. Opne delar av gjerdet må vere minst 50 % av konstruksjonen.
Levegg: Tett skjerm/konstruksjon som skal hindre innsyn, skjerme mot støy, vind, lyd eller liknande.

Ikkje søknadspliktig

Gjerde mot nabo
Er det ikkje særskilde føresegner om gjerde i arealplanen, kan du sette det opp utan å søke. Høgde inntil 1,5 m over terreng er som regel akseptabelt.

Gjerde mot veg
Enkle, lette gjerde (innhegning) med høgde inntil 1,5 m kan du sett opp mot veg utan å søke. Gjerde må ikkje hindre sikta i frisiktsone mot vegen. Dersom det er særskilde føresegner i arealplan om gjerde kan det vere du må søke. Hugs at gjerde mot veg må bli utforma slik det toler vanleg vegvedlikehald som snøbrøyting.

Levegg
Vil du sette opp ein levegg minimum 1,0 m frå nabogrensa, treng du ikkje søke om den er

  • inntil 10 meter lang, og inntil 1,0 meter frå nabogrensa 
  • ikkje på nokon stad er over 1,8 meter målt frå terrenget
  • tilstrekkeleg avstand frå offentleg veg

Vil du sette opp ein levegg inntil nabogrensa, treng du ikkje søke om den er

  • inntil 5 meter lang
  • ikkje på nokon stad er over 1,8 meter mål frå terrenget
  • tilstrekkeleg avstand frå offentleg veg

Leveggen kan vere frittståande eller bygd saman med ein bygning. Du kan for eksempel sette opp ein levegg mot kvar nabogrense, men skal du sette opp fleire leveggar i kombinasjon, må du søke om løyve.

Du må og søke om løyve dersom det finst føresegner i kommunale planar som kommuneplan eller reguleringsplan., som byggegrenser. Du er sjølv ansvarleg for at leveggen følgjer føresegner gjeve i eller med heimel i plan- og bygningslova.

Søknadspliktig som du kan søke og bygge sjølv

Andre gjerder (tette, «tunge» gjerder) og andre leveggar som ikkje er nemnd ovanfor må du søke om. Kommunen kan då vurdere at du som tiltakshavar kan søke og bygge den sjølv.

Søknadspliktig med krav om ansvarleg føretak

Andre gjerder (tette, «tunge gjerder) og andre leveggar som kommunen vurderer at eit ansvarleg føretak må stå for. Eksempel på slike konstruksjonar er store tunge leveggar, skjermvegg som og er støyskjerm.