Garasje, carport og uthus

Søke om å bygge garasje eller uthus sjølv?

Oppføring av mindre frittliggjande garasje/carport kan vere unnateke søknadsplikta dersom vilkåra er til stades. Dersom det er i strid må du søke om løyve.

Uavhengig om garasjen er unnateke søknadsplikta eller ikkje, må du ta omsyn til dei planføresegner som gjeld for din eigedom. Arealplanar som kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan, kan ha særskilde føresegner om storleik, høgde, avstand til veg, sjø eller vassdrag.

Sjå kva arealplan som gjeld på Kva gjeld for din eigedom

Før du kan begynne å bygge, endre eller rive utan å søke må du kontrollere om det du skal gjere oppfyller alle krav og føresegner for å vere unnateke søknadsplikt.

Dette må vere i orden

  • Det du skal bygge må vere i samsvar med gjeldande planføresegner for din eigedom. Finn kva som gjeld for din eigedom på Finn planar. Det må vere i samsvar med planføremål, utnyttingsgrad, byggegrenser, avstandsreglar, høgdereglar, krav til utforming osv. 
  • Etter plan- og bygningslova § 1-8 kan du ikkje bygge nærare sjø enn 100 meter frå strandlina. Det kan vere at arealplanen for din eigedom har andre reglar. Det kan vere byggegrense til vassdrag i arealplanen.
  • Dersom det du skal bygge ikkje er i samsvar med planen for området, kan du søke om dispensasjon. Dersom du får innvilga dispensasjon kan du utføre byggearbeidet utan å søke. Meir informasjon om dispensasjon finn du under Dispensasjon
  • Det kan vere du treng løyve eller samtykke frå andre styresmakter. Det kan vere landbruksstyresmakta, vegstyremakta, kulturminnestyresmakta m.m.
     


Frittliggande bygning som garasje, uthus eller bod utan søknadsplikt

For at du skal kunne bygge utan å søke må alle vilkåra vere oppfylt. Om eit eller fleire vilkår ikkje er oppfylt må du søke om byggeløyve.

  • Bygningen er frittliggande 
  • Bygningen blir plassert på bebygd eigedom (småhus) 
  • Bruksareal eller bebygd areal ikkje overskrid 50 m2 
  • Bygningen skal ikkje innreiast for varig opphald 
  • Mønehøgda ikkje overskrid 4,0 meter 
  • Gesimshøgda ikkje overskrid 3,0 meter 
  • Bygningen blir oppført i ein etasje og utan kjellar 
  • Bygningen ikkje blir plassert nærare enn 1 meter frå nabogrensa 
  • Bygningen ikkje blir plassert nærare enn 1 meter frå anna bygningen på same eigedom 
  • Bygningen ikkje blir plassert over vass- og avlaupsleidningar

Tillatt bruk
Bygningen skal ikkje kunne bli brukt til varig opphald eller bebuelse. Det betyr at bygningen ikkje kan innehalde kjøkken, stue, soverom eller våtrom. Du kan ikkje bygge ei isolert hagestue/vinterhage. Det er ei stue som er meint for opphald.

Bygningen kan bli brukt til bod, veksthus, søppelskur, garasje, carport, vedbod og dukkehus.

Når du er ferdig å bygge må du sende melding til kommunen. Bruk skjema "Melding om bygning eller tilbygg unnateke søknadsplikt.
 

Oppføring av garasje med søknadsplikt

Dersom du skal føre opp ein bygning med storleik 50-70 m2 må du søke om byggeløyve. Dersom bygningen ikkje er meint for overnatting kan du som privatperson søke sjølv.

Om bygningen er over 70 m2, eller er meint for overnatting (anneks), må du engasjere fagpersonar som kan stå for søknad, prosjektering og utføring.
 

Korleis søke?

Sjå Bygge sjølv utan fagfolk