Bygging i utmark på stølsvoll

Bygge noko i utmarka som på ein støl?

Skal du bygge noko på ein støl eller i utmarka, som oppføring av sel, tilbygg, terrasse, utbod og liknande, må du gjere deg godt kjend med regelverket først. Sjølv om det finst reglar for unntak frå søknadsplikt må du ta særskild omsyn i slike områder.

Stølsvollar og utmark ligg i landbruks-, natur og friluftsområde (LNF). I desse områda er det berre lov å gjere byggetiltak dersom det er meint for landbruk. Det skal til ei kvar tid bli vurdert opp mot ressursgrunnlaget på garden. 

Mange sel og stølar vert i dag ikkje nytta til landbruksføremål då det ikkje lenger er dyrehald. 
At du då brukar eit eldre sel for til dømes overnatting og fritidsaktivitet er heilt greitt. Men det skal fortsatt sjå ut, og bli framstilt som ein tradisjonell stølsvoll. Du kan ikkje gjere byggearbeid som framstiller det som noko anna enn det er meint for. 

Det kan vere særskilde føresegner i arealplan som seier noko om materialbruk og storleik ved både nybygg og rehabilitering. Privatiserande tiltak som terrassar, gjerde og liknande er som regel forbode.

Skal du gjere noko på stølsvoll eller i utmarka sjekk opp i arealplan og ta gjerne kontakt med oss.

e-post: byggesak@sunnfjord.kommune.no