Bruksendring: Endre bruk av rom

Bruksendring av byggverk eller rom i bustad. Korleis kan du søke om bruksendring sjølv?

Bruksendring er å bruke bygget eller delar av det til noko anna enn det opphaveleg er godkjent til. Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove vil det vere ei søknadspliktig bruksendring.

Prøv rettleiaren til direktoratet

Vi gjer merksam på at fleire bruksendringar som medfører ombygging til endra bruk av bygget er ei søknadspliktig endring.

Du må søke om løyve dersom bruksendringa fører til omdanning av bustad til anna bruk, eller samanslåing og oppdeling av bustadar til hybel.

Sjå informasjon om bruksendring hos direktoratet for byggkvalitet
 


Hovuddel Er dei delar av bustaden du bruker til å bu og opphalde deg i som: Opphaldsrom, stue, kjøkken, entré, bad, vaskerom, badstue, hobbyrom, arbeidsrom, heimekontor, isolert vinterhage, og gang og trapper mellom rom som er hovuddel.

Tilleggsdel Er andre delar av bustaden som ikkje er eigna som opphaldsrom, som for eksempel: bod, oppbevaringsrom, teknisk rom, garasje, fyrrom, og gang mellom rom som berre er tilleggsdel.

Har du spørsmål send gjerne ein førespurnad til byggesak@sunnfjord.kommune.no