Bod, uthus, pergola, vinterhage og anneks

Kva er bod, uthus, pergola, vinterhage og anneks. Søknadsplikt?

Skildring

Bod er eit bygg som er meint for oppbevaring av for eksempel hagereiskap, sportsutstyr, ved og liknande. Bod kan anten vere som eit tilbygg til huset eller garasjen Den kan og vere ein frittliggjande bygning på eigedomen. Ei bod kan ikkje bli brukt til bebuelse eller varig opphald.

Uthus er ein frittliggjande bygning som ikkje skal bli brukt til varig opphald som overnatting.

Pergola er definert som eit byggverk av stolpar eller søyler, som er overbygd med bjelkar/stokkar lagt med opne mellomrom. Dersom det blir lagt tak på byggverket er det ikkje lenger definert som pergola, og det vil vere medrekna som bebygd areal (BYA) på eigedomen.

Anneks er vanlegvis eit eige frittliggjande bygg i tilknyting til hus eller hytte, og er meint for varig opphald (overnatting). Eksempel er at anneks fungerer som ekstra soverom slik at fleire personar skal kunne overnatte på ein bustad- eller fritidseigedom.

Anneks kan ikkje bli innreia eller utforma slik den fungera som ei sjølvstendig bueining. Anneks kan ikkje innehalde alle hovudfunksjonar etter byggteknisk forskrift. Dersom bygningen inneheld både soverom, kjøkken og bad blir den ikkje rekna som eit anneks, men som ei sjølvstendig bueining som bustad eller fritidsbustad.


Krev ikkje søknad

Sjå kva du kan bygge utan å søke på Bygge utan å søke


Krev søknad

Pergola
Dersom pergolaen får tak, som vil seie at det ikkje lenger har bjelkar/stokkar som er lagt med opne mellomrom, kan det vere søknadspliktig. Dette gjeld og i dei tilfelle pergolaen består av skyvbare lamellar.

For å avgjere om byggverk med tak (ikkje lenger definert som pergola) er søknadspliktig, sjå punkt "Bygge utan å søke". Du kan fortsatt bygge slik bygning utan å søke dersom det er innanfor vilkåra som frittliggjande bygning.

Frittliggjande bygning dersom:

  • du skal bruke bygningen til opphaldsrom
  • dersom bygningen skal bli brukt til overnatting
  • bygningen inneheld kjøkken, stue, soverom eller våtrom

Anneks
Anneks krev søknad og løyve då det er meint for varig opphald. Anneks er eit byggverk som krev søknad med hjelp av fagfolk, søknad med ansvarsrett, då det er meint for overnatting. Du må då ta kontakt med fagpersonar som kan hjelpe deg med søknad, prosjektering og utføring. Søknaden må bli utarbeidd av ein «ansvarleg søkar».

Dersom annekset er av enklare karakter og storleik, kan kommunen vurdere at du sjølv kan stå ansvarleg for å søke og bygge som eit tiltak utan ansvarsrett. Det må bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.