Basseng, badestamp, jacuzzi o.l.

Om bassenget er søknadspliktig heng saman med kor omfattande prosjektet er

Unntak frå søknadsplikta

Mindre basseng som privat badestamp, jacuzzi eller boblebad, som ikkje er tilknytt vass- eller avlaupsanlegg, er som regel ikkje søknadspliktig. Sjølv om tiltaket er unnateke søknadsplikta er du sjølv ansvarleg for å sjå til at det er i samsvar med gjeldande plangrunnlag. Sjekk difor gjeldande kommuneplan/reguleringsplan for din eigedom.

Andre basseng som skal stå i maksimalt to månader er og unnateke søknadsplikta.

Etter ei konkret vurdering kan kommunen og vurdere at bassenget ikkje er søknadspliktig.

Dersom du er usikker om bassenget er unnateke søknadsplikt  kan du sende ein førespurnad til oss. Du må då sende eit skriftleg grunnlag som vi kan vurdere: byggesak@sunnfjord.kommune.no
 

Søknadspliktig basseng som du sjølv kan søke om

Mindre basseng som ikkje krev noko form for prosjektering kan du sjølv bygge og søke om sjølv. Det kan for eksempel vere eit prefabrikkerte basseng. Det vil vere ein søknad om tiltak utan ansvarsrett.
 

Søknadspliktig basseng som fagfolk må søke om

Basseng som skal stå i meir enn 2 månader, og som ikkje er skildra ovanfor, må du søke ved hjelp av fagfolk. Det krev at søknaden blir sendt inn av fagfolk som har tatt på seg ansvaret for søknad, prosjektering og utføring.
 

Tryggleik

Basseng og liknande skal vere sikra med gjerde, overdekke eller tilsvarande avstenging for å hindre at personar faller i dei. Byggteknisk forskrift (TEK17) § 8-3 fjerde ledd, gjev konkrete eksempel på tryggleikstiltak ved basseng, brønn eller liknande:

  1. Gjerde rundt basseng, brønn eller liknande må bli utforma slik at det ikkje er mogeleg for born å krype under, gjennom eller klatre over det.
  2. Port eller grind må ha solid lås eller anna lukkingsmekanisme.
  3. Overdekke eller overbygging av basseng, brønn eller liknande må vere utført av solide materiale og vere godt festa til forsvarleg fundament.
  4. Overdekke må vere sikra med lås eller liknande for å unngå at overdekkinga vert fjerna av born eller uvedkommande.