Avstandserklæring frå nabogrense

Bygge nærare nabogrensa enn tillatt?

Eit byggverk si plassering skal bli godkjent av kommunen ved søknad. Bygning med gesimshøgde over 8 meter og mønehøgde over 9 meter kan berre bli ført opp der det er heimel i arealplan.

Dersom ikkje anna er satt i gjeldande arealplan, skal byggverk ha ein avstand frå nabogrense som minst svara til byggverkets halve høgde, og ikkje under 4 meter.

Kommunen kan godkjenne at byggverk blir plassert nærare nabogrensa enn 4 meter når:

  1. Når eigar av naboeigedomen har gjeve skriftleg samtykke, eller
  2. ved oppføring av frittliggande garasje, uthus og liknande mindre tiltak (maks 50 m2)

Bokstav b: Garasje, uthus osv. som er maksimalt 50 m2, og ikkje er meint for opphald (overnatting), og andre liknande tiltak som mur, levegg osv.

Dersom du må ha samtykke frå din nabo til plassering nærare nabogrensa enn 4 meter, bruk vårt skjema "Erklæring om nabosamtykke (PDF, 296 kB)".