Avslutning og ferdigattest av eldre byggesaker

Kva gjer du om det er ein gammal byggesak på eigedomen din som ikkje er avslutta

Kva skal du gjere om du har eit byggetiltak til din bustad eller eigedom som manglar ferdigattest. Ved kjøp og sal av eigedom oppstår ofte denne problemstillinga at det ikkje ligg føre sluttdokumentasjon og ferdigattest på det som er bygd. 

Korleis ein skal løyse dette er avhengig av kva tid byggesøknaden blei sendt inn. Reglar om ferdigstilling av tiltak går fram av SAK10 kapittel 8.