Sunnfjord kommune

Vedtak – detaljregulering Ytre Øyrane/Skaparhuset

Vedtak – detaljregulering Ytre Øyrane/Skaparhuset

Kommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Ytre Øyrane/Skaparhuset gbnr. 21/648 mfl. i sak 065/21 den 23.06.2021.

Planområdet ligg vest på Ytre Øyrane, med tilkomst via Øyranevegen i sør.

Om planen

Formålet med planarbeidet er å regulere området til tenesteyting og næring i samsvar med føringane i vedteken områdereguleringsplan, der det vert lagt til rette for samlokalisering av utdanningsinstitusjonar og næringslivsklynger. Arbeidet legg rammer for bruk av eksisterande bygningsmasse, som over tid vil verte tilpassa endra behov innanfor arealbruksformåla næring og tenesteyting.

Planen vil erstatte delar av områderegulering Ytre Øyrane (2018).

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Dokumenta i saka

Ønsker du å klage på vedtaket

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI

Klagen sendast til

Merk då med sak 20/159

Spørsmål

Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du kontakte:

Anniken Heggedal, epost: anniken.heggedal@sunnfjord.kommune.no