Sunnfjord kommune

Vedtak-detaljregulering Førde vidaregåande skule

Vedtak-detaljregulering Førde vidaregåande skule

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Førde vidaregåande skule i sak 024/21 den 25.03.2021.
Planområdet på ca. 48 dekar ligg nord for Førde sentrum ved rv. 5, og gjeld gbnr. 21/581, deler av gbnr 21/25, 44 og 582.

Om planen

Planen legg til rette for å utvide eksisterande og føre opp nye bygg til skule og tannlegeklinikk. Maksimal utnyttingsgrad er sett til 65 % bebygd areal (BYA) med maksimal byggehøgde på 20 m. Det skal etablerast garasjeanlegg under bakken. Det er regulert areal til offentleg leikeplass og gater med tilhøyrande fortau og sykkelfelt. Skjøtselsplan for Løken med ulike tiltak, som vart stadfesta i områdeplanen, er ført vidare i detaljplanen. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav i samband med gjennomføring av planen. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar.


Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

Planområdet på ca. 48 dekar ligg nord for Førde sentrum ved rv. 5, og gjeld gbnr. 21/581, deler av gbnr 21/25, 44 og 582.

Planen er endra sidan høyring og offentleg ettersyn

Busshaldeplassen i sør er teke ut. Areal til austleg køyrebane på rv 5 er redusert og busshaldeplassen er utvida. Areal for gåande og syklande langs rv 5 og SKV2 er skilt. Føremålet til skulen er utvida i nord vest slik at eksisterande bygg kan stå. Føremålet under bakkenivå er auka. Det er utarbeidd utomhusplan med kvalitetsprogram som er retningsgjevande, og der detaljprosjekteringa skal godkjennast av kommunen. Reguleringsføresegna er endra slik at nokre av merknadane er teke til følgje. I tillegg er det opna for at hjørnet til plan 2 i nordaust kan plasserast 1 m utfor byggegrensa. Det vert vist til nærare opplysingar i saksutgreiinga til planvedtak.


Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Detaljreguleringsplanen erstattar delar av områdereguleringsplan Indre Øyrane av 2019 (planid 143220190015) og delar av detaljreguleringsplan Indre Øyrane – Langebruvegen (planid 143220150019) av 2017. 

Dokument i saka

Ønsker du å klage på vedtaket

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan 3 veker 
frå kunngjering.jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI

Klagen sendast til


Send klage digitalt her

Du kan og sende merknad på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no

eller i posten til adresse: Sunnfjord kommune, boks 338, 6802 Førde,

Merk då med sak 20/5842

Rettsvedtak av reguleringsplan

 Plan- og bygningslova – aktuelle føresegner i samband med planvedtak (PDF, 87 kB)

Spørsmål

Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du kontakte
Berit Holme, e-post: berit.holme@sunnfjord.kommune.no