Om planen
Planen legg til rette for oppføring av eit nytt kontorbygg på i underkant av 5.000 m2. Framtidig parkering i planområdet vert løyst som del av første etasje. Plan 1 er difor føresett etablert som ope parkeringsanlegg med heistilkomst/hovudinngang til det nye kontorbygget, samt to trappeoppgangar.
Nybygget er gjeve ei utforming med flatt tak og 5 etasjar i vest. Mot aust vert bygget gradvis trappa ned frå 5 etasjar, til 3 etasjar. Dette er mellom anna gjort med omsyn til redaksjonsdelen til Firda Media som ligg nordvest for det planlagde kontorbygget. I femte og fjerde etasje er bygget føresett etablert med takterrassar tilrettelagt for privat uteopphald.

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.
Dokumenta i saka
Ønsker du å klage på vedtaket
Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI
Klagen sendast til
Send klage digitalt her
Du kan også sende merknad på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no
eller i posten til adresse: Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde.
Merk då med sak 20/73
Spørsmål
Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du kontakte:
Anniken Heggedal, epost: anniken.heggedal@sunnfjord.kommune.no