Sunnfjord kommune

Varsel om vedteken detaljreguleringsplan Skudeløken

Varsel om vedteken detaljreguleringsplan Skudeløken

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Skudeløken i sak 010/21 den 18.02.2021.Planområdet ligg nord for Førde sentrum langs rv 5, og gjeld delar av gbnr. 21/37, 44 og 25, og er samla ca. 34 dekar.

Om planen

Planen legg til rette for å føre opp blokker i tre bustadfelt med grøne tun i kvart felt. Lengst vest er det regulert to områder til kombinert føremål for bustadar, kontor, næring, tenesteyting og leilegheitshotell. Det kan etablerst opp til 270 bueiningar i blokker på 3-5 etasjar. Garasjeanlegg skal plasserast under bakken med tilkomst frå gatetuna. Kvart bustadfelt har felles uteopphaldsareal plassert midt i feltet. Arealet i nord mellom Løken og bustadfelta er regulert til naturområde og turveg. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav i samband med gjennomføring av planen. Skjøtselsplan for Løken med ulike tiltak, som vart stadfesta i områdeplanen, er ført vidare i detaljplanen. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Planen er endra sidan høyring og offentleg ettersyn m.a. i høve handtering av matjord, etablering av gate i aust SKV6, og tekst i høve plankart og føresegner. Det vert vist til nærare opplysingar i saksutgreiinga til planvedtak. 

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

 

 Dokument i samband med vedtak i saka 

Ønsker du å klage på vedtaket

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI

 

Klagen sendast til 

Send klage digitalt her

Du kan også sende merknad på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no

eller i posten til adresse: Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde.

Merk då med sak 20/1699

 

Spørsmål:

Dersom du har spørsmål, eller ynskjer å få tilsendt dokument i papirformat kan du kontakte:

Berit Holme,  berit.holme@sunnfjord.kommune.no  tlf: 57612716