Sunnfjord kommune

Varsel om oppstart av planarbeid Detaljreguleringsplan Lindbøen, del 2

Varsel om oppstart av planarbeid Detaljreguleringsplan Lindbøen, del 2

Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan Lindbøen, del 2, jf. §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova. Planarbeidet femnar om eigedomane med gnr. 22, bnr. 1, fnr. 12, gnr. 22, bnr. 236 og del av gnr. 21, bnr. 89 i Sunnfjord kommune. Byggetomta er på 1,4 daa.

Om planen

Formålet med planarbeidet er å regulere arealet til blanda sentrumsformål, der det primært skal etablerast bustad, næring samt privat-/offentleg tenesteyting.

Tilgrensa eigendomar og naboar vert varsla direkte og planoppstart kunngjort i lokalavisa og gjennom elektroniske media jamfør plan- og bygningslova § 12-8.

Sjå dokument i saka

Sei di meining innan 11. oktober

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 11. oktober.

Slik sender du innspel eller spørsmål

For nærmare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:

Johannes Henrik Myrmel
mob. 454 54 993
e-post: johannes.henrik.myrmel@norconsult.com

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du sender det til:

Norconsult AS v/ Johannes Henrik Myrmel
Postboks 514
6803 Førde

Lovverk