Sunnfjord kommune

Varsel om endring i planarbeid for Steinavegen 11 - 13.

Varsel om endring i planarbeid for Steinavegen 11 - 13.

Planavgrensing Steinavegen - Klikk for stort biletePlanavgrensing SteinavegenI samband med endringar i pågåande planarbeid med privat forslag til Detaljreguleringsplan for Steinaven11-13, gbnr. 62/110, m.fl., blir det i samsvar med Plan- og bygningslova, § 12-8, § 12-3, varsla om endring i planarbeidet.

Aktuelt planområde er gbnr. 62/110, 62/39 og del av 62/258, i Sunnfjord kommune. Nytt varsla planområde er i underkant av 5 daa der endeleg plangrense kan bli just.

Tiltakshavar for planarbeidet er Hillersøy Eigedom AS v/Jostein Hillersøy.

 

Formål og bakgrunn for planarbeidet:

Formål i planarbeid er å legge til rette for tett bustadbygging med tilhøyrande infrastruktur og uteareal i nær tilknyting til sentrum av Førde. Varsel om endring i planarbeid omfattar redusert utbyggingsvolum der planlagde tiltak med etablering av nytt bygg no kun er tenkt å omfatte nedre del av gbnr. 62/110, mot Steinavegen. I tillegg til redusert utbyggingsvolum, vert det no lagt til rette for å kunne etablere bygg for kombinert bustad- og næringsformål.

Næringsformål vil vere i del av 1. og 2. etasje, der bygg vil ha tilkomst frå eksisterande avkøyrsle i Steinavegen, og næring vil såleis ligge i tilknyting til næringsareala på Halbrendsøyra. Videre er det tenkt bustadar i tre etasjar over næringsareal og parkeringsanlegg der antall bueiningar vil bli vesentleg redusert i forhold til tidlegare forslag.

Eksisterande bygningsmasse på øvre del av tomta (Førde pensjonat), vert vidareført og er derfor no tatt ut av planområdet. Det same gjeld for tilgrensande eigedomar. Planlagt trapp/snarveg frå Steinavegen til fortau ved E39 er tenkt vidareført i vidare planarbeid

Planinitiativ for Steinavegen  (PDF, 568 kB)

Oppstartsmøte:

Det vart halde oppstartsmøte med planavdelinga i Sunnfjord kommune den 12.07.2021, der kommunen tilrår oppstart av vidare planarbeid med planlagde endringar. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). Referat frå oppstartsmøte og utarbeidd Planinitiativ i samband med endring, er tilgjengeleg på heimesida til kommunen og iVest Consult.

Referat frå oppstartsmøtet (PDF, 315 kB)

Medverknad :

Fagmynde, grunneigarar/naboar mf.l vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av endring i planarbeid. Det vert lagt opp til vidare tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov.

 

Innspel og merknader:

Innspel og merknader til varsel om endring i planarbeid, skal rettast til:

  • Post: iVest Consult AS, Strandgata 15, 6900 FLORØ
  • Telefon:  976 27 000/957 41 102
  • Epost: post@ivestconsult.no

 

Høyringsfrist:

 

  • 1.september 2021