Sunnfjord kommune

Temaplan trafikktryggleik 2022–2025 – høyring

Temaplan trafikktryggleik 2022–2025 – høyring

Sissel Vedvik Temaplan trafikktryggleik for perioden 2022-2025 er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.
Høyringsperioden er seks (6) veker, i perioden 02.05. – 13.06.2022.

Kort om planen

Utval for samfunn, kultur og næring vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 20.04.2022

Teknisk drift har i samsvar med planstrategi for 2020-2023, utarbeidd framlegg til ny temaplan for trafikktryggleik for Sunnfjord kommune for perioden 2022-2025.

Planen er delt inn i to delar:

  • Strategiplan: trafikktryggleik 2022-2025
  • Handlingsplan: trafikktryggleik 2022-2025

Vedtak om ny trafikktryggleiksplan 2022-2025 vil erstatte mellombels trafikktryggingsplan for Sunnfjord 2020-2021, og trafikktyggingsplanar i tidlegare kommunar.

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 13. juni

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 13. juni.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare sakshandsaminga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengeleg  på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli ofentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk skjema:

Send innspel til 21/5690

Du kan også sende innspel i posten eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 21/5690.

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Sissel Vedvik om det er noko du lurer på.

Sjå innkomne innspel og andre dokument

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspel som er sendt inn.