Sunnfjord kommune

Temaplan for trafikktryggleik 2022 – 2025 for Sunnfjord kommune

Temaplan for trafikktryggleik 2022 – 2025 for Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har starta arbeidet med ein temaplan for trafikksikringsarbeid. Planen som er under utarbeiding skal gjelde for 2022 – 2025 og skal ha ein strategiplan og handlingsplan. 

Eksisterande trafikktryggleiksplan vart vedteken i 2020 og var ein førebels og delvis revisjon av tidlegare trafikktryggleiksplanar for dei tidlegare kommunane. Føremålet med temaplan trafikktryggleik er å fortsette med det systematiske trafikksikringsarbeidet i Sunnfjord kommune. Planen skal bidra til å fastsette visjon, målsetting og strategi for det vidare trafikksikringsarbeidet og det vert ein oppdatert gjennomgang av trafikale utfordringar knytt til trafikktryggleik i kommunen.

Det skal utarbeidast ein eigen handlingsplan med prioriterte fysiske tiltak som kommunen skal arbeide mot å gjennomføre i komande år. Den nye planen vil erstatta gjeldande plan for perioden 2020 – 2021.

Kommunen ønskjer innspel til planarbeidet og behov for fysiske trafikksikringstiltak i kommunen. Alle innmeldte tiltak skal visast på kart, med ein kort beskriving av problem eller ønska tiltak.

Frist for innspel

17. desember 2021

Send ditt innspel her

Du kan også sende innspel på papir til:

  • Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde
  • innspel kan og leverast på tenestetorga i Førde, Naustdal, Sande eller Skei 

Skriv gjerne på adresse/gards-og bruksnummer for staden du sender innspel om. Skriftlege innspel skal merkast med «trafikktryggleiksplan».