Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har søknadsfrist 15. august 2022 David Zadig Føretak som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot i jordbruket, og eigar av landbrukseigedom med produksjon på landbrukseigedommen som oppfyller vilkåra, kan søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket(SMIL). Søknadsfrist 15. august 2022 Kven kan søkje Føretak som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot mv. i jordbruket. Eigar av landbrukseigedom kan søkje, dersom det er ein produksjon på landbrukseigedommen som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot mv. i jordbruket. Før du søkjer Les Tiltaksstrategi 2020 - 2023 (PDF, 711 kB) Les rettleiar om antikvarisk istandsetjing. Korleis søke Søknad og vedlegg sender du elektronisk via altinn. Send søknadskjema med vedlegg her Du kan søkje om tilskot til tiltak som gjeld Kulturlandskapstiltak Biologisk mangfald Friluftsliv og tilgjengelegheit Kulturminne og kulturmiljø Forureiningstiltak Avrenning til vatn Utslepp til luft Oppmoding frå Statsforvaltaren i Vestland Fleire vassførekomstar har trong for tiltak for å redusere avrenning og risiko for avrenning frå jordbruksdrifta. I 2021 er difor kommunane oppmoda om å ta tak i utfordringar av omsyn til vasskvalitet, klimatilpassing og ressursivaretaking. Hydrotekniske tiltak er nemnt spesielt. I tillegg tiltak for ville pollinerande insekt og truga natur. Dei minner om at tilskot til tak over eksisterande gjødsellager, er gode miljøtiltak som medverkar til redusert ammoniakkutslepp til luft. Som tilleggseffekt vil slike tiltak auke lagerkapasiteten, slik at husdyrgjødsla kan bli spreidd til rett tid i vekstsesongen, og medverke til redusert fare for avrenning til vatn. Søknaden skal minimum innehalde Omtale av tiltaket Framdriftsplan Kostnadsoverslag (utført av bygningskyndig dersom det gjeld bygning) Finansieringsplan Kart over driftseininga der det aktuelle tiltaket, kulturminne, erosjonsutsette areal og område med viktige miljøkvalitetar er avmerkt. Fotografi og/eller teikningar. Løyve frå grunneigar dersom tiltaket skjer på leigd landbrukseigedom. Gjødslingsplan og journal over nytta plantevernmidlar. Har du spørsmål? Du finn truleg svar på spørsmåla i tiltaksstrategien (PDF, 711 kB), eller ved å gå inn på nettsidene til Landbruksdirektoratet. Kontaktpersonar i Sunnfjord kommune Ta kontakt med Linn Hovlandsdal om du har spørsmål. Sist endra 05.07.2022 10.13