Sunnfjord kommune

Reguleringsplan for rv. 5 Lunde–Lundebotn til offentleg høyring

Reguleringsplan for rv. 5 Lunde–Lundebotn til offentleg høyring

Plankart Lunde - Lundebotn - Klikk for stort bilete

Statens vegvesen har no lagt ut til høyring og offentleg ettersyn; detaljregulering for rv.5 Lunde – Lundebotn,  forbikøyringsfelt og kjettingplassar.

Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 01.11.2022 til 20.12.2022

Kort om planen

Formålet er å regulere areal for breiddeutviding slik at det kan etablerast forbikøyringsfelt i stigninga mellom Kjøsnestunnelen og Fjærlandstunnellen.

Det er også planlagt fire kjettingplassar, ein på kvar side av vegen, aust for Kjøsnestunnelen og vest for Fjærlandstunnelen. Etter ønskje frå kommunen er det planlagt større parkeringsplass og utsiktsplass oppe i Lundebotn. Det er også regulert gangbru over Tongelva til bruk for dei som skal gå Lundeskaret. For å ivareta krav til sikkerheit er rasvollen oppe i Lundebotn utvida mot aust.

Meir informasjon om planen på nettsida til Statens vegvesen

 

Send merknad eller innspel innan 20. desember

Merknader og innspel til planforslaget skal sendast til:

Statens vegvesen, Pb.1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER

E-post til: firmapost@vegvesen.no

 

Har du spørsmål?

Kontaktinformasjon:

Seksjonssjef Tone Anette Espe,

E-post: tone.espe@vegvesen.no

Telefon: 95 94 80 75