Sunnfjord kommune

Områdereguleringsplan for Vevring sentrum

Områdereguleringsplan for Vevring sentrum

Sunnfjord kommune varslar om oppstart av planarbeid for Vevring sentrum. Planarbeidet femnar om eigedom gbnr. 429/4, 429/2 og 427/3 m.fl.

Hovudformålet med planarbeidet er å legge til rette for vidareutvikling av sentrumsområde i Vevring til sentrumsføremål, bustader, offentleg privat verksemd og båthamn.

Planarbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta for konsekvensutgreiingar. 

Arbeidet er i oppstartsfasen. Vi er i gong med å registrere og samle inn opplysningar for planarbeidet. Målet er sluttgodkjenning av eit planforslag i 2022. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredsstillande. Det offentlege ettersynet vil truleg kome seinvinter/vår 2022.

Planen med tilhøyrande dokument vil femne om: 

  1. Områdereguleringsplan med tilhøyrande planføresegner i samsvar med § 12-2 i plan- og bygningslova
  2. Planomtale som klargjer innhald og planen sine vesentlege konsekvensar i høve til miljø, samfunn og rørte partar, interesser  og omsyn i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningslova
  3. Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som vert utarbeidd i samsvar med § 4-3 i plan- og bygningslova

Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Sunnfjord kommune.

Sjå dokument i saka

Frist for å sende innspel eller merknader

Alle merknader vert samla og tatt med vidare i planarbeidet når høyringsfristen er ute. 

  • 14. januar 2022

Hart du innspel?

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet.

Send innspel til planen for Vevring sentrum

Du kan også sende innspel i post eller på e-post:

For nærare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:

Harald Eikenes på telefon 91 38 86 44 eller e-post: harald.eikenes@Sunnfjord.kommune.no

Journalpostar i arkivet