Sunnfjord kommune

Namnesak - Sygnesand/Søgnesand mfl.

Namnesak - Sygnesand/Søgnesand mfl.

I samsvar med § 8 i stadnamnlova vert det med dette kunngjort at Statens kartverk, etter reglane i stadnamnlova gjenopnar namnesaka for namnet Sygnesand/Søgnesand i Sunnfjord kommune.

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. (naturnamn, nedervde gards- og bruksnamn, seternamn, namn på reinbeitedistrikt og statlege anlegg).

Før dei gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Saker som gjeld bruksnamn, skal eigarane få tilsende direkte frå kommunen.

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed me om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.

Vedlegg 

For fleire opplysningar om namna, sjå innsynsløysinga for sentralt stadnamn register: www.norgeskart.no/ssr/.

Somme bruksnamn står berre i matrikkelen og kan søkjast opp i https://seeiendom.kartverket.no Søk på: gnr./bnr., namnet på kommunen.

Sei di meining innan 20. august 2022

Send uttale til Sunnfjord kommune

Send innspel elektronisk til 22/5044

merk med sak 22/5044.

Vidare saksgang

Kommunen har ansvaret for å henta inn og samordna dei lokale høyringssvara. Dei skal sendast til Språkrådet. Språkrådet vil så gje endeleg tilråding til Kartverket.