Kommunedelplan rassikring Rv. 5 Erdal–Naustdal er lagt ut på høyring og offentleg ettersynOversikt over dei tre alternative veglinjene mellom Erdal og Naustdal. Statens vegvesen Kommunedelplan rassikring Rv. 5 Erdal–Naustdal er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Vi ønsker innspel frå deg. Høyringsperioden er 28. juni - 16. seprtember 2022 Kort om planen Sunnfjord formannskap vedtek at framlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rassikker veg på strekket Erdal–Naustdal skal sendast på høyring, og leggast ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglar i plan- og bygningslova § 11-14. Statens Vegvesen har utarbeidd framlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rassikker veg på strekket Erdal - Naustdal. Prosjektet er prioritert i Nasjonal Transportplan (NTP). Kommunedirektøren tilrår at planframlegget blir sendt på høyring slik prosessreglar føreskriv. Det er utarbeidd tre alternativ til ny veglinje. Sjå viktige dokument i saka Sunnfjord kommune sitt vedtak og saksutgreiing Statens vegvesen si høyring med aktuelle dokument Fristar og innsending av merknad Frist for merknader er 16. september 2022. Du kan gje innspel på ein av desse måtane: Send e-post til firmapost@vegvesen.no Send pr. post til: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER, Via kart på digital innbyggardialog (geodataonline) Merk innspel med "rv. 5 Erdal–Naustdal" Open kontordag og informasjonsmøte Tysdag 23.august blir det halde open kontordag kl. 15–17 på Naustdal skule informasjonsmøte kl. 18–20 på Naustdal skule Har du spørsmål? Kontaktperson Statens vegvesen Magna Vangsnes, E-post: magna.vangsnes@vegvesen.no Telefon: 57 65 58 53 / 95 19 19 63 Kontaktperson i Sunnfjord kommune Harald Eikenes E-post: harald.eikenes@sunnfjord.kommune.no Telefon 91 38 86 44 Lovverk plan- og bygningslova § 11-14. Publisert 28.06.2022 11.26