Sunnfjord kommune

Kommundelplan fv. 57 Båtevik Storehaugen, oppstart av planarbeid og planprogram på høyring

Kommundelplan fv. 57 Båtevik Storehaugen, oppstart av planarbeid og planprogram på høyring

Planområdet Fv. 57 åtevika - Storehaug - Klikk for stort bilete

Vestland fylkeskommune har starta opp kommunedelplan (KDP) for fv.57 på strekninga Båtevika Storehaugen. Det er laga eit planprogram som no blir lagt ut på høyring.

Kort om planen

Fylkesveg 57 frå Dale til Storehaugen har dårleg standard fleire stadar med redusert framkome. Vestland fylkeskommune er i gong arbeid med ein kommunedelplan som skal avklare trasè for seinare detaljregulering og gjennomføring. I planarbeidet er det sett på ei rekkje alternativ for framtidig veg i eit planområde i trekanten Båtevika – Sande – Storehaugen.

Formannskapet i Sunnfjord kommune handsama saka 03.november 2022 og gjorde slikt vedtak:

Kommunedelplan for fv. 57 Båtevika – Storehaugen vert starta med varsling, og planprogrammet vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 4-1 og 11-13. Kommundelplanen skal arbeide vidare med alternativa A1, A2, B9 og utbetringsalternativet. I arbeidet skal også mulighetene for stegvise utbyggingar og kombinasjonar innanfor desse alternativa vurderast.

 

Sjå dokument i saka

 

Då Fylkeskommunen starta opp denne prosessen vart det invitert til ein innbyggardialog der alle kunne kome med innspel til ulike trasèar i planprogrammet. Innspela er teke med og vurdert i det vidare arbeidet. I første omgang vart 20 ulike trasèar vurdert, men etter det kom ein fram til 10 alternativ som aktuelle og realistiske for siling. Desse alternativa er delt inn i 3 konsept.

Trasear i planprogrammet - Klikk for stort bilete

Konsept A med kryssing av Svædsundet og ulike alternativ gjennom Bygstad til Storehaugen

Konsept B via Osen og ulike alternativ opp til Storehaugen.

Konsept C via Osen til E39 ein stad mellom Storehaugen i nord og Sande i sør.

 

 

Sei di meining innan 1. februar 2023

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. 

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til Sak 22/5848

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 22/5848

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Vigdis Randine Rørstad Lobenz i Sunnfjord kommune eller Janne Grønli i Vestland fylkeskommune om det er noko du lurer på.

Lovverk

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.