Kort om planen
Utval for samfunn, kultur og næring gjorde fylgjande vedtak i Saknr. 22/4849
Kommunal veg nr 9051 - Ramsdalsheivegen, vert føreslått lagt ned og overført til grunneigarar. Tunellen på Ramsdalsheia vert vurdert lagt ned og stengt fysisk slik at det ikkje er mogleg med ferdsel der.
Saka vert sendt på offentleg ettersyn og høyring i 6 veker.»
Grunna sommarferie vert utleggingsperioden frå 16.06.2022 – 27.08.2022., og innspel/merknadsfristen vert sett til 27.08.2022.
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 27.august
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining i høve forslaget om å legge ned kommunal veg nr 9051. Fristen for å sende inn innspel er 27. august 2022.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Bruker du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til 22/4849
Saksdokumenta er tilgjengelege på Sunnfjord kommune si nettside under aktuelle saker, der du og kan sende inn ditt høyringssvar.
Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 22/4849.
Har du spørsmål?
Du kan sende epost til Jan-Inge Hage om det er noko du lurer på.