Sunnfjord kommune

Høyring av kommuneplanen sin samfunnsdel 2021 – 2030

Høyring av kommuneplanen sin samfunnsdel 2021 – 2030

Gregory Idehen Formannskapet vedtok 16. september 2021 å legge forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel 2021 – 2030 ut på høyring i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14.

Kommuneplanen er kommunen sitt viktigaste overordna styringsdokument saman med økonomiplanen. Det set rammene for korleis vi ynskjer at Sunnfjord kommune skal utvikle seg. Planen skal ta omsyn til både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Planen har ein langsiktig perspektiv, og er eit verktøy for kommunen i møte med nye og endra utfordringar. Kommunenplanen skal gje retning for korleis vi skal yte tenestene våre og bruke arealet i kommunen vår.

Høyringsutkast – Kommuneplanen sin samfunnsdel 2021 - 2030

Alle som ynskjer det kan kome med innspel og merknader til planen. Alle merknader vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga til politisk handsaming. Sunnfjord kommunestyre gjer endeleg vedtak av kommuneplanen sin samfunnsdel.

Høyringsperiode

17. september - 14. november 2021

Frist for innspel:

14. november 2021

Send ditt innspel her 

Andre skriftlege innspel skal sendast til:

  • Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde
  •  postmottak@sunnfjord.kommune.no

Har du spørsmål om planen?

Spørsmål knytt til heile planen:
Liv Janne Bell Jonstad, liv.janne.bell.jonstad@sunnfjord.kommune.no telefon 90 98 00 67

Spørsmål til arealstrategien (kap. 6 i planen):
Odd Harry Strømsli, odd.harry.stromsli@sunnfjord.kommune.no telefon 41 47 67 10

Registrerte innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel

Kontakt

Liv Janne Bell Jonstad
Einingsleiar Fagutvikling
E-post
Telefon 57 61 26 59
Mobil 909 80 067
Odd Harry Strømsli
Einingsleiar Areal- og byggesak
E-post
Telefon 57 61 27 15
Mobil 414 76 710

Leiar for eininga Areal- og byggesak