Sunnfjord kommune

Høyring av detaljregulering Naustøyna, gang og sykkelbru

Høyring av detaljregulering Naustøyna, gang og sykkelbru

Formannskapet i Sunnfjord kommune vedtok 17.06.2021 å legge detaljregulering Naustøyna, gang- og sykkelbru, til offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Dette er tiltak 8 i Førdepakken og Statens vegvesen har utarbeidd planen. Den går frå Hafstadvegen i sør, over elva og til Elvevegen i nord.

Planen viser nytt gang og sykkelsamband frå sentrum sør v. Naustøyna og Klakegg bygget, og over Jølstra til Elvevegen. Brua har ein svak S- form og skal ha sykkelveg med fortau. På begge sider av brua skal det leggast til rette med torgplass og gode opphaldsstadar. Reguleringsplanen er tilpassa til Elvekanten sin plan med parkeringskjellar og nedkøyringsrampe. Utforming av brua har tidlegare vore handsama som eit planfagleg råd  19. mai 2020 i formannskapet.

Saksframlegg

Det er utarbeidd planomtale, reguleringsføresegner, reguleringskart, risiko- og sårbarheitsanalyse m.m. Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Det er høve til å kome med innspel og merknader til planframlegget. Alle merknadar vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga til politisk handsaming. Sunnfjord kommunestyre gjer endeleg vedtak av detaljreguleringsplanen.

Utleggingsperioden er: 24.06- 01.09.2021,

Frist for innspel

  • 1.september 2021.

Merknader til planen skal sendast til:

Orienteringsmøte

Det vert invitert til eit orienteringsmøte på Sunnfjord rådhus 23. august kl 18-19. Møtet vert i møterom Jølstra som ligg i 4. høgda. Fint om de bruker den utvendige trappa eller ringer 975 17 380 dersom de ønskjer å bruke heisen.

    For spørsmål kan de kontakte :