Sunnfjord kommune

Detaljreguleringsplan Pynten – planvedtak

Detaljreguleringsplan Pynten – planvedtak

Kartutsnitt som viser Pynten, område som ligg vest for Presteholten nordaust for Førde sentrum - Klikk for stort bileteVedteke plankart Pynten, område som ligg vest for Presteholten nordaust for Førde sentrum Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommunestyre vedtok detaljreguleringsplan Pynten i møte 17. november 2022.

Vedtak i kommunestyret

«Detaljreguleringsplan Pynten med plankart og revidert føresegner, begge dagsett 13.10.2022, vert vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.»

Kort om planen 

Planen legg til rette for å føre opp ein-/tomannsbustader, samla ti bueinigar. Det er krav om privat og felles leike-/uteopphaldsareal. Tilkomst til det nye bustadfeltet vil skje frå eksisterande veg Presteholten. Det er regulert tursti frå bustadfeltet mot Kyrkjevegen i sørvest. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav i samband med gjennomføring av planen. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar. Illustrasjonar og teikningar i planframlegget viser moglege løysingar for utbygging.

Planområdet er ca. 8,8 dekar, og gjeld i hovudsak gbnr 21/38.

Planen er endra sidan høyring og offentleg ettersyn. Endringane gjeld i hovudsak trafikktryggleik i krysset til fylkesvegen i anleggstida, noko justering på veglinje, sikring av mur mellom uteopphaldsareal og skråning i sørvest.

Planen erstattar delar av reguleringsplan Presteholten (planid 4647-143219750012) frå 1974 og Presteholten – gbnr 21/421 (planid 4647_143220040007) frå 2004.

Sjå viktige dokument i saka

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Informasjon om rettsverknad av detaljreguleringsplan.

Klage på vedtaket

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering. Her finn du informasjon om klage. Du skal skrive klage til Statsforvaltaren i Vestland, og sende den til Sunnfjord kommune merka med saksnummer: 20/463.

Meir informasjon om saka

 

Lovverk