Detaljreguleringsplan MiSF Fellesmagasin – varsel om oppstartDet er varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering MiSF Fellesmagasin gbnr. 25/17, Sunnfjord kommune Om planen Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Musea i Sogn og Fjordane. Dei har mål om bli ferdige og sende planframlegget til Sunnfjord kommune for behandling. Føremålet med planarbeidet er å regulere arealet til offentleg/privat tenesteyting, der det primært skal etablerast fellesmagasin for Musea i Sogn og Fjordane. Delar av planområdet på omtrent 12,5 daa er frå før bygd ut. Eksisterande bygningsmasse samt planlagt garasje og mindre tilbygg vil til saman utgjere eit bruksareal på under 10 000 m2. Det er i tillegg sett av areal vest for eksisterande bygningsmasse, tenkt til mogleg utviding av bygningsmassen i framtida. Sjå viktige dokument i saka varsel om oppstart (brev) (PDF, 2 MB) varsel om planoppstart (PDF, 2 MB) kart over planområdet (PDF, 2 MB) planinitiativ/notat (PDF, 596 kB) referat frå oppstartsmøte (PDF, 954 kB) Sei di meining innan 22. mai Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 22. mai 2022. Slik sender du innspel eller spørsmål Send innspel eller spørsmål til Nordconsult ved Arne Kringlen e-post arne.kringlen@norconsult.com postboks 514, 6803 Førde telefon 95 11 78 75 Lovverk plan- og bygningslova § 12-8 plan- og bygningslova § 12-3 Publisert 25.04.2022 14.21