Sunnfjord kommune

Detaljreguleringsplan Kyrkjevegen aust, fortau til offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan Kyrkjevegen aust, fortau til offentleg ettersyn

Klikk for stort bileteDette er tiltak 18 i Førdepakken. Planen viser fortau i Kyrkjevegen frå krysset med Elstervegen (Førde barneskule), forbi Førde kyrkje og Kirkevollen, det kulturhistoriske bygningsmiljøet på Toene, nye bustadbygginga på Falkensten/Toene og fram til Angedalsvegen.

Formannskapet gjorde 11. februar 2021 vedtak om å legge ut detaljreguleringsplan Kyrkjevegen aust, fortau til offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. 

 

Mål med planen:

Målet med planen er å legge til rette for gåande og syklande i Kyrkjevegen. For å få ei god løysing med fortau forbi Førde kyrkje, vert det  lagt til rette for einvegskøyring på ei lita strekning langs kyrkjemuren. Fortau på denne strekninga vil gje god framkomst og betre trafikktrygging for alle dei som går og ferdast i området.

Ved Førde kyrkje er det smalt og utfordringar med å bygge veganlegget med breidde 8,5 meter. Dette er minimumsbreidde for 2 køyrefelt og fortau. Det er vurdert fem ulike senario for å løyse dette jf. planomtale kap. 5,5. Alle har med fortausløysing, men ulike breidde på køyrebana. Det vert tilrådd einvegskøyring i retning frå Langebruvegen og mot Angedalsvegen. Strekninga er kort;  frå avkøyrsla til Kirkevollen og til krysset med Hornnesvegen. Sykling kan ein i begge retningar. 

 

Plandokumenta i saka

 

Orienteringsmøter

Det vert invitert til eit orienteringsmøte på Førdehuset, Storsalen, 15. mars kl 18.00 - 19.00

For grunneigarar vert det og høve med eit møte med planleggarane tysdag 16. mars kl 09.00 - 15.00. Ver bra og meld deg på med aktuelt tidspunkt til magna.vangsnes@vegvesen.no . Då vil de få tildelt eit tidspunkt i løpet av dagen. Møtestaden vert kantina i Rødekorsbygget, 4. høgda.

 

Frist for å sende merknader:

  • 15.april 2021

 

Slik sender du merknader:

Send merknad digitalt her

Du kan også sende merknad på e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no

eller i posten til adresse: Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde.

Merk då med sak 20/5253.

 

Har du spørsmål kan du kontakte: 

Magna Vangsnes magna.vangsnes@vegvesen.no mob 951 91 963

Vigdis Lobenz Vigdis.Randine.Rorstad.Lobenz@sunnfjord.kommune.no mob 975 17 380