Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende detaljregulering Ytre Øyrane/Skaparhuset til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10.
Norconsult AS har på vegne av Hellenes Yard AS utarbeidd framlegg til detaljregulering Ytre Øyrane/Skaparhuset.
Tiltaka planen legg til rette for er:
• «Modernisering» av areal (uendra bruk).
• Bruksendring for å tilpasse areala til leigetakarar.
• Fasadeendringar med ev. ombygging for å gjere areal eigna til framtidig bruk/ivareta myndigheitskrav.
• Riving av «stållageret» med eit bebygd areal på om lag 3.000 m2 for oppføring av 2 nye bygg som er bunde saman med eksisterande bygningsmasse med glastak.
• Opparbeiding av areala utomhus og på tak (grøntområde, samband- og parkeringsanlegg).
Planområde ligg omlag 1,1 km nord/vest for Førde sentrum, og gjeld gbnr. 21/648, og er samla ca. 30 dekar.
Reguleringsføresegner og plankart vil verte juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.
Ny reguleringsplan vil erstatte del av områderegulering Ytre Øyrane.
Sjå dokument i saka
Planen er tilgjengeleg i papirutgåve på Sunnfjord rådhus - Førde tenestetorg.
Frist for å sende innspel eller merknader
Slik sender du innspel
Send innspel digitalt her
Du kan også sende innspel i posten. Merk då innspelet med sak 20/159
- Sunnfjord kommune, postboks 338, 6801 Førde