Detaljregulering Kyrkjevegen aust, fortau. PlanvedtakDetaljreguleringsplanen for Kyrkjevegen vart vedteken av Sunnfjord kommunestyret 28. oktober 2021. Dette er gjort i samsvar med reglane i plan – og bygningslova §12-12. Formålet med planen Planen har som hovudføremål å legge til rette med fortau på strekninga frå Angedalsvegen, forbi Førde kyrkje og til Elstervegen. Det vert lagt opp til at det skal vere einvegskøyring retning nordover frå avkøyrsel Kirkevollen og til Hornnesvegen. Planen har vore på høyring i perioden 19.02 -15.04 2021. Det kom inn totalt 20 merknader til planframlegget. Oppsummering og behandling av merknadene er vedlegg 4 i saka. Det er mindre justeringar av planen etter høyringa. (sjå saksutgreiinga). Delar av ein del reguleringsplanar vert erstatta av denne planen. Dei er lista opp i føresegn § 1d. Dokument i saka Plankart, føresegner, saksutgreiing Ønsker du å klage på vedtaket Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.jf. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap. VI Klagen skal rettast til Statsforvaltaren i Vestland og sendast til: postmottak@sunnfjord.kommune.no Sunnfjord kommune. postboks 338, 6802 Førde Merk med saksnr: 20/5253 Spørsmål Dersom du har spørsmål kan du kontakte Vigdis Lobenz på telefon 57 82 87 80 E-post: vigdis.lobenz@sunnfjord.kommune.no Sist endra 03.11.2021 12.51