Sunnfjord kommune

Detaljregulering Indre Øyrane, gbnr. 21/576 – høyring

Detaljregulering Indre Øyrane, gbnr. 21/576 – høyring

 

Detaljregulering Indre Øyrane, gbnr. 21/576 er lagt ut på høyring.

Høyringsperioden er 27.04.-15.06.2022

Kort om planen

Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 21.04.2022.

Norconsult AS har på vegne av Førde Handelspark AS. utarbeidd framlegg til Detaljregulering Indre Øyrane, gbnr. 21/576.

Planområdet ligg nord for Alti kjøpesenter i Førde Sentrum, og er ca. 25 dekar. Planframlegget legg til rette for utbygging av eit større forretningsbygg med parkeringsplass, og utbygging av bustadar i framtida.

Reguleringsføresegner og plankart vil vere juridisk bindande medan andre dokument er av opplysande art.

Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplan, områderegulering Indre Øyrane.

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 15. juni

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 15. juni.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Bruker du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 20/134

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 20/134.

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Anniken Heggedal om det er noko du lurer på.

Lovverk

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.