Sunnfjord kommune

Detaljregulering Indre Hornnesvika Vest – planvedtak

Detaljregulering Indre Hornnesvika Vest – planvedtak

Reguleringsplan Indre Hornnesvika Vest  - Klikk for stort bilete   

Sunnfjord kommunestyre vedtok detaljregulering Indre Hornnesvika Vest i sak 064/22 den 17.06.2022. 

Vedtak i kommunestyret

Sunnfjord kommune vedtek Detaljregulering Indre Hornnesvika Vest plankart datert 29.04.2020 og føresegner revidert 10.05.2022, i samsvar med pbl § 12-12.

Ved endeleg vedtak erstattar Detaljregulering Indre Hornnesvika Vest med planident 464720200022 deler av gjeldande reguleringsplanar

  • Indre Hornnesvika, planident 143220120002, 29.10.2015.
  • Bergumskrysset, planident 143220080012, 30.09.2010.

Dette gjeld også alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegn.

Kort om planen 

Planen legg til rette for utviding av eksisterande område for forretning/kontor/industri ved vidare utfylling i sjø, samstundes skal planen legge til rette for eit opphaldsareal og tilgang til sjø, og skal gi området ei ryddigare avslutning mot vest.

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Sjå viktige dokument i saka

Klage på vedtaket

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.  Informasjon om klage finn du på heimesida til Sunnfjord kommune.

Dersom du vil klage på vedtaket.

Du skal skrive klage til Statsforvaltaren i Vestland og sende den til Sunnfjord kommune innan 3 veker. Merk klagen med saksnummer: 20/5059.

Du kan enten sende klage på e-post eller i post:

Dersom du får avslag i kommunen, blir klagen sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.

Meir informasjon om saka

Lovverk

plan- og bygningslova § 12-12