Sunnfjord kommune

Detaljregulering for Sunnfjord hotell er vedteken

Detaljregulering for Sunnfjord hotell er vedteken

Klikk for stort bileteKommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova sin § 12-12 vedteke detaljregulering for Sunnfjord hotell i sak 025/21 den 25.03.2021. 

Det private planframlegget har som hovudføremål å legge til rette for ein ekstra etasje på romfløyen til hotellet, i tillegg til forbetring av dagens konferansesal som er under oppføring. Tilkomstane til planområdet vert regulert i Førdepakken sine tiltak 9 og 12. I tillegg til å sikre ein offentleg gangveg mot nye Førde vgs, har Sunnfjord kommune hatt ønske om å løyse behov for kvartalsleikeplass i området. 

Etter høyring og offentleg ettersyn har ein gjennom avgrensa høyringsmøte med berørte partar, kome til semje om å regulere inn offentleg leikeplass på ca. 500 m2 nord for Sunnfjord hotell. Føresegn § 5.3 er knytt til føremålet o_BLK (leikeplass). Det er også sett inn tilkomstpil for å sikre at det let seg gjere å kome til parkeringskjellar for Langebruvegen 23 og 25 via Sunnfjord hotell sin parkeringskjellar. Grunngjeving for desse endringane er gjeve i saksutgreiinga til kommunestyresak 025/21.

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Sjå dokument i samband med vedtak i saka 

Ny plan vil erstatte delar av den gamle reguleringsplanen for Indre Øyrane – søre del (PlanID: 1432-20030004).

Rettsverknad av reguleringsplan etter plan- og bygningslova. LINK

Ønsker du å klage?

Den som er part i saka, eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan tre veker frå kunngjering.  Eventuell klage kan sendast digitalt i skjema under eller med post til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde

Digitalt skjema for klage