Sunnfjord kommune

Kunngjeringar

Kunngjeringar

På denne sida finn du planar som er lagt ut til offentleg ettersyn / på høyring. Det vil seie at du kan gi dine innspel til planforslaga. Innspela vert så tatt med og vurdert under behandling av planen. 

Planen legg til rette for å føre vassleidning frå kraftanlegg/ vassdrag i Askvoll kommune på sjøbotn til Apalset, og vidare langs fylkesvegen austover til Vevringtunnellen. Planen omfattar og anlegg for gåande og syklande på deler av strekninga langs fylkesvegen. 

Forskrifta har vore på høyring og vart godkjendt i kommunestyret 18.02.2021. Forskrifta er kunngjort i Norsk Lovtidend.

Kommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Firdavegen 12B i sak 008/21 den 18.02.2021.Planområdet ligg på Ytre Øyrane, og grensar til Firdavegen i sør og til den kommunale vegen mellom Ytre Øyrane og Rv. 5 i nord. Planen gjeld for gbnr. 21/552, og er på ca. 7 daa. 

Kommunestyret i Sunnfjord kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedteke detaljregulering Skudeløken i sak 010/21 den 18.02.2021.Planområdet ligg nord for Førde sentrum langs rv 5, og gjeld delar av gbnr. 21/37, 44 og 25, og er samla ca. 34 dekar.

Framlegg til lokal forskrift om utvida bandtvang for hund i Sunnfjord kommune, ligg ute til offentleg ettersyn. Frist for innsending av merknader er 25. januar 2021.

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette varsla om oppstart med planprogram for detaljreguleringsplan for Steia Panorama del av gbnr. 169/89, på Sande i Sunnfjord kommune.

Sunnfjord kommune startar i desse dagar arbeidet med å bygge ny vegtilkomst, parkeringsplass og sansehage ved Naustdal omsorgssenter.

Sunnfjord kommunestyre vedtok 11.desember 2019 Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2020-2023.

Kommunestyret i Sunnfjord kommune har i møte 11. desember 2019 vedteke lokale forskrifter for teknisk sektor. 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00