Sunnfjord kommune

Dispensasjonar

Dispensasjonar

Kva er ein dispensasjon?

Dispensasjon betyr unntak frå ein regel. Det inneber at det i ei konkret sak er gitt fråvik frå føresegner i plan eller forskrift. Dispensasjon kan vere mellombels eller varig. Dispensasjon har grunnlag i plan og bygningslova (pbl) kapittel 19.

Kva kan det dispenserast frå?

Det kan dispenserast frå ”bestemmelser fastsatt i eller i medhold av” pbl., det vil seie;

  • føresegner i lova, men ikkje sakshandsaming
  • kommuneplanen sin arealdel med føresegner
  • kommunedelplanar med føresegner
  • statlege planar med føresegner
  • regionale planar med føresegner
  • reguleringsplanar med føresegner, også områdeplanar og detaljplanar
  • bebyggelsesplanar med føresegner
  • forskrifter og vedtekter gitt i medhald av plan og bygningslova

Døme på dispensasjonar frå plan:

  •  byggje meir enn tillate grad av utnytting i kommuneplan/reguleringsplan
  •  avvike frå regulert bygningsutforming i regulerings- eller bebyggelsesplan
  •  bygge utanfor regulerte byggelinjer eller byggegrenser

Kva kan det ikkje dispenserast frå?

Det kan ikkje dispenserast frå sakshandsamingsreglar. Kommunen bør ikkje gje dispensasjon dersom statleg eller regional mynde har uttalt seg negativt.

Krav til søknaden (pbl. § 19-1)

Søknad om dispensasjon må gjere greie for formålet med avviket, og forklare kvifor ein meiner kommunen bør gje dispensasjon.  Søknaden må innehalde nok informasjon til at kommunen kan ta stilling til saka.

Søknad om dispensasjon skal:

  1. utformast i eige brev. Det skal nabovarslast,  og sendast inn saman med søknad. Link til nabovarsling 
  2. det må leggjast ved situasjonskart, målsette teikningar/skisser som knyter dispensasjonssøknaden din til det konkrete tiltaket.
  3. Eventuelt anna dokumentasjon som gjev tilstrekkeleg informasjon om tiltaket. 


    I enkelte saker kan det vere nødvendig med ei risikoanalyse, og vurdering etter naturmangfaldlova.

     Ved dispensasjon frå lov eller forskrifter skal det leggast særleg vekt på kva konsekvensar tiltaket får for helse, miljø, tryggleik og tilgjenge.

  • Ved dispensasjon frå planer skal det særleg leggast vekt på statlege og regionale rammer og mål
  • Kommunen bør ikkje dispensere frå planar, lova sine føresegner om planar og forbodet om soner langs sjø og vassdrag, når ein direkte rørt statleg eller regional mynde har uttalt seg negativt til dispensasjonssøknaden
  • Dispensasjon kan gjevast på vilkår. Dispensasjonsvilkår må ha til føremål å førebygge, reparere, dempe eller kompensere for negative følgjer av at regelverket eller planen fråvikast.

Handsaming i kommunen

Kommunen har mynde til å dispensere frå føresegner i lova, forskrifter og planar gjeve i medhald av lova. Etter ei konkret vurdering av vilkåra i plan skal det gjerast ei skjønnsvurdering for å gje dispensasjon.  Det skal ikkje vere kurant å fråvike gjeldande planar som handlar om konkrete tilhøve som har vore gjennom ei omfattande prosess og som er vedteke av kommunestyret. Dispensasjonar må heller ikkje undergrave planane som informasjons- og avgjerslegrunnlag. Store endringar i planar bør ikkje skje som dispensasjonar, men handsamast som planendringar.

Store eller prinsipielle avvik frå plan, vert handsama politisk av formannsskapet. Avvika/endringane må ikkje vere større enn det som elles kan handsamast som endring av reguleringsplanen.

Det er to vilkår for å gi dispensasjon (jf. § 19-2)

  1. Omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna bak lova sitt føremål må ikkje verte vesentleg sett til side. Med andre ord må intensjonen til planen i størst mogleg grad haldast.
  2. Fordelane med å gje dispensasjon må vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.
  3. Begge vilkåra må vere oppfylt – og det skal gjerast ei konkret vurdering av tiltaket og dei tilhøva som ligg føre i dispensasjonssøknaden.

Sakshandsamingstid

Dispensasjonssøknadar som er komplette skal behandlast innan 12 veker. Sakshandsamingstida går ikkje i den tida søknaden er mangelfull eller når ein ventar på uttale frå regionale og/eller statlege mynde. Sakshandsamingstida startar når søknaden er komplett.

Varigheten av dispensasjon

Ein dispensasjon kan vere varig eller mellombels. Ein dispensasjon gjeld alltid det konkrete tiltaket løyvet omfattar. Er tiltaket som er gjeve dispensasjon ikkje sett i gang seinast 3 år etter at løyve er gjeve, fell løyvet og dispensasjonen vekk. Det same gjeld dersom tiltaket stansar i meir enn 2 år. Ved brann, samanrasing, forfall eller liknande, vil ei eventuell gjennoppføring vere avhengig av ny dispensasjon. I slike høve skal det gjerast ei ny, sjølvstendig vurdering ut frå gjeldande reglar og plansituasjon.

Mellombels dispensasjon kan gjevast for ei avgrensa tid eller for ubestemt tid til kommunen gir pålegg om at den opphøyrer, jamfør plan- og bygnings-loven § 19-3. Tiltakshavar må då sjølv ta kostnaden for å fjerne tiltaket, stanse den mellombelse bruken eller oppfylle dei krav det er gjeve utsetting med. Kommunen kan i tilfelle av mellombels bruk, krevje at det vert gjenoppretta til tidlegare tilstand. Erklæring om dette kan krevjast tinglyst på eigedomen.

Kva kostar det?

Sjå prisliste for Sunnfjord kommune kap 8.4

 

Søknad sendast til:

postmottak@sunnfjord.kommune.no

Sunnfjord kommune
Pb. 338
6802 Førde
 

Byggesak

Les og byggesak sin artikkel og skildring av dispensasjon her