Plan for kultur, frivilligheit og inkludering

Illustrasjon av barn med ball og syklist - Klikk for stort bileteIllustrasjon av Gregory Idehen

Sunnfjord kommune skal lage plan for kultur, frivilligheit og inkludering 2023-2030. Vi inviterer innbyggarane til å gje innspel.

Kort om planen

Sunnfjord kommune skal lage plan for kultur, frivilligheit og inkludering 2023-2030. Plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv blir integrert i denne planen. Vi vil konkretisere kor vi skal vere i 2030 og korleis vi vil nå måla. Prosjektgruppa er tverrfagleg og består av representantar frå kultur- og idrettsliv, frivilligheit og integrering i Sunnfjord kommune, og vi vil invitere innbyggarane til å gje innspel til planen. Målet er å bli ferdig til juni 2023 for framlegg i kommunestyret i september 2023.  

Kommunestyret har i februar 2022 vedtatt kommuneplanen sin samfunnsdel som viser retning for Sunnfjord kommune. Når vi nå skal skrive plan for kultur, frivilligheit og inkludering, er det denne som setter premissene for innhaldet. Planen er for kvardagslivet i Sunnfjord. Fokusområdet er:

  • Sunnfjord som kulturelt tyngdepunkt
  • Stimulere til auka frivillig innsats
  • Inkluderande kommune og skape gode kvardagsliv

Samfunnsplanen seier vi dette om korleis vi skal ha det i 2030

  • Vi har lokale tilbod for idrett, kultur og rekreasjon I heile kommunen, som gjer det lett å leve sunne og gode liv.
  • Vi skal vere ein inkluderande kommune og ha gode bumiljø
  • Vi har styrka og utvikla posisjonen vår som kulturelt tyngdepunkt i Vestland fylke.

 Planen skal gå i perioden 2023-2030

Les og om kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv som er ein del av plan for kultur, friviiligheit og inkludering 

Informasjons- og innspelsmøte

Prosjektgruppa inviterer til innbyggarar og andre aktørar til å vere med å sei di mening til planen

Vi inviterer til innbyggarmøte 

  • 28. mars 2023
  • klokka 19.00
  • Førdehuset, festsalen

Kunngjering om informasjons- og innspelsmøte

Sei di meining innan 11. april 2023

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å gje innspel til planen.

Fristen for å sende inn innspel er :

  • 11. april 2023

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.

Har du spørsmål?

Du kan kontakte Hilde Bjørkum eller Catrine Vagstad om det er noko du lurer på

 

Tidslinje for plan for kultur, frivilligheit og inkludering

 

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.