Sunnfjord kommune

Plan for framtidig struktur for barnehagar i Sunnfjord kommune

Plan for framtidig struktur for barnehagar i Sunnfjord kommune

Formannskapet vedtok i møte 8. desember å legge forslag til plan for framtidig struktur for barnehage i Sunnfjord kommune ut til offentleg ettersyn. Vi ønsker innspel frå deg.

Høyringsperioden er 14. desember 2022 – 31. januar2023

Kort om planen

Planen er hovuddokumentet, i tillegg er det laga to vedlegg til planen. Det eine vedlegget handlar om statusen i barnehagane i dag og det andre handlar om økonomi i barnehagesektoren. I tillegg til desse dokumenta valde Utvalet for oppvekst å legge til ei tidlegare sak Bygging av ny barnehage – kommunal eller privat barnehage.

Hovudlinjene i plan for framtidig struktur for barnehagane i Sunnfjord kommune

  • Bakgrunn for planen
  • Nasjonale føringar
  • Utviklingstrekk i høve barnetal
  • Om Sunnfjordbarnehagen
  • Standard for framtidige barnehagar
  • Framtidig barnehagestruktur – tiltak

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 31. januar 2023

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen.

Fristen for å sende innspel er 31. januar 2023

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 23/618

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer 20/7228

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Åge Stafsnes eller Lise Toverud om det er noko du lurer på.

Prosessen for vidare saksbehandling

  • Offentleg ettersyn fram til 31. januar 2023
  • Møte i råda
  • Utvalet for oppvekst 8. februar 2023
  • Formannskapet 9. februar 2023
  • Kommunestyret 16. februar 2023

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.